...morgondagen skal uroe seg for sitt. Denne dagen gav ingen uro, og eg bekymrer meg ikkje for morgondagen.

Sunndaling

Akkurat i dag kostar eg på meg å kalle meg sunndaling. Til kvardags er eg ikkje det, berre busett i Sunndal. Men akkurat i dag, på denne solrike dagen, var det utruleg godt å kjenne på at eg var “sunndaling”.
Og korfor akkurat i dag?
Jau, koronatilstandane er svaret. Forbodet mot å dra på hytta si når ho ligg i ein annan kommune enn ein bur i. Og eg føler med alle som har hytta si i ein annan kommune – inklusive meg sjølv, for det betyr at eg ikkje kan dra på Hoemsetra, feriestaden min, mens denne krisa pågår.

Morgendagen skal uroe seg for sitt

Det kan vel skape bekymring for mange akkurat dette. Men her er mine tankar rundt det:
Første gongen det gjekk opp for meg kva dei betyr desse orda (som jo er henta frå Bibelen), var då eg stod mesta bokstaveleg talt med snø til halsen i Tromsø for over tjue år sidan. “Trur du eg kjem meg avgarde på arbeid i morgon?” sa han som då var min kjære. Så kom det berre i frå meg: “Ver derfor ikkje uroleg for morgondagen, morgondagen skal uroe seg for sitt”. Og vi hadde verkeleg nok å stå i med den snøen som lava ned. Vi trong ikkje tenke på snøen som skulle komme neste dag, for vi hadde meir enn nok med den som allereie var der.
Seinare har eg tenkt at vi må vere akkurat der vi er – vi kan ikkje forflytte oss til verken ein annan stad eller ei anna tid. Her nyleg var det ein lærar som stilte spørsmål inne på ei facebookside om vi hadde begynt å tenke på korleis neste skuleår ville bli. Det trur eg dei færraste lærarane har skjenka ein tanke. Og då ramla det berre ut av meg og ned i tastaturet: Ver derfor ikkje urolege for morgondagen, morgondagen skal uroe seg for sitt.
Og når eg alt siterer skrifta, heiter det og at ein ikkje skal prise seg lukkeleg over morgondagen, for ein veit ikkje kva han ber i sitt fang.
Men heldigvis har vi i Sunndal nokre fjell vi kan dra på og til i ei slik stund. Og då meiner eg ikkje topptur, for det synes eg verkeleg ein ikkje bør halde på med no – fordi det kan skje noko, og eg trur/ veit at både Raudekrossen og Norsk Folkehjelp har langt viktigare oppgåver enn å dra til fjells og berge folk – særleg dei som let eventyrlysta ta overhand.
Men Grødalen – hjarte – hjarte! I dag fekk vi restituert oss frå brakkesjuka og dratt til Grødalen saman med ei venninne og dotter hennar. Og mykje folk å møte, mange å seie “hei” til. Men og mange som berre såg rart på oss når vi sa “hei”… Her trur eg mange må inn i seg sjølv og hente fram si indre helsestyrke…! Det er ein uskriven regel at vi helsar i fjellet – også sjølv om Grødalen er ein sivilisert del av fjellet.

Første skitur

Dette var første skitur og skikkelege trimtur etter at eg skada meg for snart to månadar sidan. Det gjorde godt både i kropp og sjel. Så eigentleg lar eg desse bilda tale for seg sjølv.

(PS! Det kjem noko meir heilt til sist!)

21.mars

21.mars er for øvrig ein dag kor det er mykje som skal eller kan markerast. Det gjorde eg på Facebook med dette diktet:
På verdens poesidag
Skulle jeg skrevet til behag
På den internasjonale dagen imot rasehat
Kunne jeg skrevet noe om persisk mat
For det er også persisk nyttår
Det kan vel bli en vakker vår
For mang en perser
Som unngår kontroverser
På denne verdensdag for skogen
Kunne jeg tatt fram plogen
Men tar på ulike sokker
Som jeg håper kanskje rocker
For de med ett for mye kromosom
Som derfor fikk Downs syndrom

Idolfeber

Ein annan grunn til at det akkurat no er freistande å kalle seg sunndaling, er fordi det akkurat no er idolfeber her i dalen. Eg har ei tru og ei von om at den kan overstige koronafeberen. Det er utruleg artig når ein gut på 18 år, Tore Pedersen – som eg har visst kven var sidan han var seks år og sang i kor saman med dotter mi – frå Sunndal er kommen heilt til livesendingane på Idol, og allereie er blitt topp 9. Eg har stor tru på Tore, og dette er mi lille promotering av han.
Kommande fredag må du slå på TV2 kl. 20, gå inn på tv2.no og logg inn og avgi tre gratisstemmer – på Tore. Og send avgarde nokre ekstrastemmer på sms og i same slengen.
Men aller først må vi ta morgondagen slik han kjem og slik han er. Det einaste sikre er det sekundet du er i her og no!
Vil du leser mer fra Ingunn? Sjekk ut bloggen hennes her!

Om artikkelforfatteren:

Ingunn

Ingunn

Optimistisk dame i min beste alder! Har blitt veldig glad i å være ute i naturen de siste årene. Liker å gå lange og litt bratte fjellturer. Er i gang med å bli mer glad i å gå på ski også. Liker hele tiden å strekke meg etter å lære nye ting og bli flinkere til å utvide horisonten :)

Del VIA:

Relaterte saker

Mer fra FjellTiden

Innstillinger for personvern

Nødvendige

Dette er informasjonskapsler som brukes for å holde deg innlogget og generellt sørger for at du kan bruke de mest grunnleggende funksjonene på FjellTid.no.

wp-settings-time, wp-settings-time, wp-settings-time, wp-settings-time, wp-settings-time, peepso_last_visited_page, PHPSESSID, __distillery

Annonsering

Disse informasjonskapslene holder orden på våre annonser inne på FjellTid. Dette er grunnlaget for mye av våre inntekter.

advanced_ads_page_impressions, advanced_ads_pro_visitor_referrer

Analysering

Disse informasjonskapslene holder orden på statistikk og analysering utført av Google Analytics.

gadwp_ir_default_dimension, gadwp_ir_default_metric, gadwp_ir_default_swmetric, gadwp_wg_default_metric, gadwp_wg_default_dimension, collect, r/collect
gadwp_ir_default_dimension, gadwp_ir_default_metric, gadwp_ir_default_swmetric, gadwp_wg_default_metric, gadwp_wg_default_dimension, collect, r/collect

Netthandel

tribe-event-tickets-plus-meta-hash, wc_cart_hash_#, wc_fragments_#, wp_woocommerce_session_#, __stripe_mid

Disse informasjonskapslene gjør det mulig for å selge billetter til turene/aktivitetene vi arrangerer. Dette er noe av vårt livsgrunnlag.
__stripe_mid

Nyhetsbrev

Disse informasjonskapslene brukes i sammenheng med nyhetsbrevoppsettet vårt. Nyhetsbrev er er noe av det som skaper vårt livsgrunnlag.

newsletter