Skal du over 2000 moh i løpet av året og lurer på tips? Her er fem gode alternativ av ulik vanskelegheitsgrad – nokre mest høvelege på ski andre til fots på sommaren. (Underteikna har gått på 96 2000-metringar i 2016 og 2017, dette er ei rangering av dei finaste turane):

5. Torfinnstindane pluss Kvitskardtinden.


Å ta alle Torfinnstindane frå aust mot vest er høveleg for deg som vil klyva og rapellera. Går du den motsett veg er det snakk om relativt teknisk klatring. I tillegg gir Torfinnstindane nydeleg utsyn over Bygdin. Er du ein “samlar” er også Kvitskardtinden innan rekkjevidde på eit dagsverk frå Torfinnsbu; dette er berre ein (litt dryg spasertur) ekstra. Les meir!


4. Veslpiggen + Galdhøe.


Når vegen til Juvasshytta opnar rundt 17. mai kan du få deg ein flott og ikkje veldig krevjande skitur på veslebroren til Noregs høgaste fjell. Du kan gå på Styggebreen rundt Galdhøe (om du meiner breen er trygg), eller du kan gå over Galdhøe og ned i skaret mot ryggen Løyfte. Det siste alternativet medfører at du unngår bre (dvs du går heilt i kanten på Styggebreen), så sommarstid er dette måten å unngå å måtte drassa med seg breutstyret på. Artig klyving opp Løyfte, ikkje behov for sikring på turt fjell. Ein relativt kort og veldig flott tur. Les meir!


3. Midtre Høgvagltind.


Ein strålande tur for fjellskientusiasten eller nybyrjaren på rando. Litt kjipt å traska inn til Leirvassbu frå parkeringa på Sletthamn vinterstid (og heilt frå Geitsætre når vårløysinga har starta), men det er vakkert i Leirdalen også. Slakt og fint til topps, ingen særskilde utfordringar og temmeleg flat bre som bør vera trygg så lenge det er snø. Vakker topp både å sjå på og nyta utsynet frå.


2. Store og Søre Soleiebottind.


Hurrungane er mest kjend for klatring eller bratt randokøyring. Men det finst unntak; Store Soleiebottind er ein rusletur på 900 høgdemeter eller så og ei lang ur. Sjølve turen er kanskje ikkje fantastisk spennande, men utsynet framifrå. Og med ein avstikkar bort på Søre vil det vera akkurat spennande nok til at det kilar i magen, men utan at det blir veldig skummelt (så lenge fjellet er turt i alle fall). Her er det eit par punkt med lett klyving og ein luftig men ikkje ekkel egg. Les meir!


1. Ringstindane og Stølsmaradalstind


Det er vel for spesielt interesserte å gå Store, Midtre og Austre Ringstind pluss Stølsmaradalstind på ein dag, men absolutt mogleg, også for den som ikkje er topptrent (men brukbart trent bør ein vera). Om ein besøkjer desse over fleire eller ein tur er i alle høve Store Ringstind vinterklassikaren i Hurrungane; den har eit par punkt som kan vera utsett ved stor skredfare og der ein må belaga seg på å ta av skia (opp frå Ringsdalen + opp siste 50 høgdemetrane), men dei fleste med litt alpin erfaring kjem seg hit på ein dag med gode tilhøve. Om lag det same kan seiast om Stølsmaradalstind, medan Midtre og Austre Ringstind er toppar dei aller fleste vil velja å ta med stegjern og isøks; frykteleg utsett er det ikkje, men her bør skredfaren vera liten og det er eit litt kinkig klyvepunkt på begge. I alle fall er det veldig lite som slår toppane i dette området ein vakker vårdag. Les meir!


/ Ole

Om artikkelforfatteren:

Ole

Ole

Brukar så mykje tid til fjells som mogleg - om det er med børse/rifle, fiskestang, på rando, fjellski eller berre fjellsko. Driv for tida å samlar alle 2000-toppane i landet, har nyss passert halvvegs etter at eg starta i fjor vinter. Har også gitt ut ein roman i form av ein fjell- og bygdekrim, "Jotunheimens løyndommar - Einstøingen".

Del VIA:

Relaterte saker

Mer fra FjellTiden