I 2016 bestemte eg meg for å prøva å gå på alle toppar over 2000 moh i landet over nokre år. Ved årsskifte 2017/2018 er eg oppe i 96 av 186 toppar (primærfaktor 50). Her kjem dei flottaste turane så langt: Med “fjordutsyn” i Jotunheimen.

Med “fjordutsyn” i Jotunheimen


Første turen med klatreutstyr i prosjektet gjekk av stabelen i slutten av juli 2017 og målet var Torfinnstindane, pluss kanskje ein topp eller to til, viss me rakk det. Massivet låg innhylla i skodde då eg, ein fetter og ein ven la i veg frå Torfinnsbu på morgonen, men veret elles var bra.


Dei 500 høgdemetrane til foten av massivet gjekk kjapt. Deretter gjaldt det å finna rett renne opp mot Øystre Torfinnstind. Me plundra litt, men kom oss til slutt på rett kjøl. Ein del lausgods og eit par kinkige punkt i den bratte renna var det, men me kom oss opp utan å nytta sikring. Vidare frå Øystre var det ein kort og grei rapell ned mot skaret mellom Øystre og Midtre, deretter greitt opp til Midtre; men her må ein treffa på den ikkje heilt innlysande ruta.



Me kunne ha gitt oss på Midtre fordi Vestre ikkje har nok primærfaktor til at den tel på lista mi. Men kom me oss opp på den kunne me ta ein runde bortom Kvitskardtinden også. Det tok si tid; først ein lang, men artig rapell, så ein kort og uproblematisk, derette ein lang og småekkel rapell ned i botnen av det sinnsjukt tronge skaret mot Vestre. Me fann det også tryggast å sikra på eitt klyvepunkt på tur opp til siste Torfinnstinden; her var det svært eksponert, og trødde ein feil utan sikring var det over og ut, ganske enkelt.


Torfinnstindane har eit heilt spesielt utsyn mot sør fordi enorme Bygdin ligg rett under ein – det er nesten som å sjå ned på ein fjordarm. Skodda hadde også letta, og me nytte ei vakker ettermiddagsstund med ein rast før me sette kursen over Torfinnseggje mot Kvitskardtinden. Dette er “walk in the park”, men ein relativt dryg runde og returen til Torfinnsbu blir lang. Godt slitne var me i 22-tida tilbake ved denne utruleg sjarmerande turisthytta, som Olav Thon heldigvis har forbarma seg over etter lengre tid med halvvegs drift. 12 timar på tur var over og tre nye tindar kunne kryssast av på lista.


/ Ole

Om artikkelforfatteren:

Ole

Ole

Brukar så mykje tid til fjells som mogleg - om det er med børse/rifle, fiskestang, på rando, fjellski eller berre fjellsko. Driv for tida å samlar alle 2000-toppane i landet, har nyss passert halvvegs etter at eg starta i fjor vinter. Har også gitt ut ein roman i form av ein fjell- og bygdekrim, "Jotunheimens løyndommar - Einstøingen".

Del VIA:

Relaterte saker

Mer fra FjellTiden

Innstillinger for personvern

Nødvendige

Dette er informasjonskapsler som brukes for å holde deg innlogget og generellt sørger for at du kan bruke de mest grunnleggende funksjonene på FjellTid.no.

wp-settings-time, wp-settings-time, wp-settings-time, wp-settings-time, wp-settings-time, peepso_last_visited_page, PHPSESSID, __distillery

Annonsering

Disse informasjonskapslene holder orden på våre annonser inne på FjellTid. Dette er grunnlaget for mye av våre inntekter.

advanced_ads_page_impressions, advanced_ads_pro_visitor_referrer

Analysering

Disse informasjonskapslene holder orden på statistikk og analysering utført av Google Analytics.

gadwp_ir_default_dimension, gadwp_ir_default_metric, gadwp_ir_default_swmetric, gadwp_wg_default_metric, gadwp_wg_default_dimension, collect, r/collect
gadwp_ir_default_dimension, gadwp_ir_default_metric, gadwp_ir_default_swmetric, gadwp_wg_default_metric, gadwp_wg_default_dimension, collect, r/collect

Netthandel

tribe-event-tickets-plus-meta-hash, wc_cart_hash_#, wc_fragments_#, wp_woocommerce_session_#, __stripe_mid

Disse informasjonskapslene gjør det mulig for å selge billetter til turene/aktivitetene vi arrangerer. Dette er noe av vårt livsgrunnlag.
__stripe_mid

Nyhetsbrev

Disse informasjonskapslene brukes i sammenheng med nyhetsbrevoppsettet vårt. Nyhetsbrev er er noe av det som skaper vårt livsgrunnlag.

newsletter