I 2016 bestemte eg meg for å prøva å gå på alle toppar over 2000 moh i landet over nokre år. Ved årsskifte 2017/2018 er eg oppe i 96 av 186 toppar (primærfaktor 50). Her kjem dei flottaste turane så langt: Lang ur, fantastisk utsyn.

Lang ur, fantastisk utsyn


Eg skulle krona 2016-sesongen med ein føremiddagstur på “heimebane”. Starta å gå frå Tindevegen straks det hadde lysna, og med 73 totusenmetringar i beina på eit halvt år, gjekk det radig opp ura mot Store Soleiebotntind. Det var framleis noko som kunne minna om morgonsol då eg kom opp, og med heile Hurrungane liggjande under den låge sola i aust var det aldeles nydeleg ved varden denne dagen.


Søre Soleiebotntind måtte med, så eg tok meg greitt ned i skaret mellom Store og Søre – turt føre gjorde det heile uproblematisk. Fekk noko smått utfordrande “bonusklyving” fordi eg tok meg meir direkte på ryggen ut mot Søre enn den tradisjonelle ruta, men igjen – så lenge fjellet er turt kan ein klyva mykje rart utan å ta den heilt store risikoen.


Ryggen er relativt smal, men ikkje ubehageleg, så rusleturen ut til Søre var skikkeleg fin. Litt grom kunne eg konstatera at det vart 75 2000-metringar i 2016 då eg stod på varden og tok innover meg panoramaet mot Ringstindane og Austanbottindane denne nydelege septemberdagen.


/ Ole

Om artikkelforfatteren:

Ole

Ole

Brukar så mykje tid til fjells som mogleg - om det er med børse/rifle, fiskestang, på rando, fjellski eller berre fjellsko. Driv for tida å samlar alle 2000-toppane i landet, har nyss passert halvvegs etter at eg starta i fjor vinter. Har også gitt ut ein roman i form av ein fjell- og bygdekrim, "Jotunheimens løyndommar - Einstøingen".

Del VIA:

Relaterte saker

Mer fra FjellTiden