Eg gjer klart for topptur! - FjellTid.no
I førre veke brukte eg dagane og nettene til å gjere meg mentalt og fysisk klar for å gjennomføre nok ein topptur. Denne artikkelen handlar om at ein amatør førebur seg :)

For ei stund sidan meldte eg meg på fellestur med nettgruppa FjellTid til Snøheim med innlagt tur til Snøhetta. Sjølvsagt valfritt om ein ville ligge i telt eller ikkje, men eg tenkte det var greit å prøve seg på teltlivet.
«Du må trene på å ligge i telt før du drar», sa ei eg kjenner. Aj aj aj… Eg har mesta aldri lege i telt, trur det kan teljast på færre enn ti fingrar. Det var ikkje det eg lærde mest om heime, og det er heller ikkje det eg så langt har lært ungane mine.


Tanken min bak desse skribleria er rett og slett «face your feares»! Ein må gå i møte det ein fryktar eller det ein ikkje kan med bratt nakke. «Det har eg aldri gjort før, så det får eg til», sa vel Pippi Langstrømpe. Eg kan berre konkurrere med meg sjølv, gjere meg sjølv bedre og gi meg sjølv nye opplevingar.
Sanninga var at det var nokre ganske store elefantar i hovudet mitt… Kva skulle eg ha med? Kor mykje greier eg å bere? Kva skal eg ete? Må eg ha med meg primus? Blir det for kaldt å ligge i teltet med soveposen min? Eg har ikkje liggeunderlag, kva gjer eg? Tenk om det blir uvér på fjellet – kva gjer eg?
Alle desse tankane og fleire til kverna og kverna i hovudet mens eg satt og såg «Monsen – minutt for minutt» for å psyke meg opp og for å få nokre tips. Hurra for Lars Monsen, seier eg. Eit vidunder i å motivere oss med lite kunnskap og trass alt lite turerfaring.
At eg skulle greie sjølve turen til Snøhetta, visste eg, for den treninga hadde eg gjort. Men korleis skulle altså teltlivet i to dagar gå??? Her var eg inne i eit ganske lufttomt og mørkt rom i mi kunnskapsbase – og det er derfor eg skriv dette. Vi er ikkje verdsmeistrar i det vi ikkje har kunnskap og erfaring om – og det er lov å innrømme det! Slik er det!
Så her kjem litt om det eg gjorde i forkant av fjellturen.


I og med at eg hadde bestemt meg for å ligge i telt ved Snøheim (på mesta 1500 meters høgd…), gjekk eg til innkjøp av eit superbillig telt på Coop Extra i sommar. 350 kr kosta det – og kva får du for 350 kr? Jau, eit knøttlite tomannstelt! Eg rekna ikkje på metersprisen på nylonet som var brukt for å lage det, for å seie det slik.


Så med tanken om at eg måtte trene på å ligge i telt, bestemte eg meg for å prøve teltlivet i Valsøyfjord i Halsa kommune då familien drog på utflukt til campingen og klatreparken Høyt og lavt. Dessutan ville jo og besøket i klatreparken vere god trening på «ting ein ikkje kan».





Første natta var det fint ver, men det blei kaldt. Eg mislikar enormt sterkt å fryse når eg skal sove, for då søv eg minimalt. Så neste natt hadde eg fått henta inn ein flanellpose til å ha inni soveposen.





Og her skal eg fortelje noko: Teltet til 350 kr heldt regnet ute! Det var eg utruleg overraska over. Inne i flanellposen og soveposen vart det knallvarmt og klamt, men regnet kom ikkje inn i teltet! Så moralen er: Du skal ikkje skode hunden på håra! Eller: Du skal ikkje skode teltet på prislappen! Billig blir sjeldan bra, men det kan vere heilt ok.





Så var eg heilt klar for ein dag i klatreparken. Det var kjempegøy – både ungane og vi vaksne kosa oss med dei forskjellige løypene. Dei grønne løypene var kjempefine! Fin utfordring, og eg fann fort ut at zipline er gøy 😁 Men eg måtte prøve meg på den blå løypa og.
Men i hengebrua som er på bildet under… der kom panikken 🙀. Eg kom meg over, men det var ikkje nubbesjans at eg skulle komme meg vidare. Så eg snudde, gjekk den samme gyngande vegen tilbake og klatra ned.





Men som sagt er jo zipline gøy, så eg bestemte meg for å prøve lina som gjekk 250 meter tvers over campingplassen på slutten av dagen – siste «passasjer». Det var kjempegøy!





Så kom eg heim onsdag kveld, og hadde dermed berre torsdagen til å gjere ferdig førebuingane til den verkelege turen. Enno var det litt i det blå om eg skulle gå eller busse til Snøheim fredagen.
Før eg skulle dra til Dovre, hadde eg fått litt hjelp til lån av utstyr av ein privat «utlånssentral», og i det og gode tips om korleis ein skal overleve i høgfjellet ei kald sommarnatt. Tusen takk til Marit for lånet og tipsa!
Eit stykke utpå torsdagskvelden fekk eg napp på ein turforespurnad, og dermed vart plana å gå inn til Snøheim frå Grønnbakken ved E6. Då var det berre å hive seg rundt og gjere seg klar for ein rundt 17 km lang tur.
Fredag morgon gjorde eg meg klar til å dra. På denne videoen kan du sjå kor oppakka sekken var – truleg rundt 15 kilo (ok, eg veit at det ikkje er så mykje, men alle ryggar er ikkje like). Korleis det gjekk, skal eg fortelje i neste blogginnlegg.
PS! I videoen seier eg at eg skal til Snøhetta, men då meinte eg Snøheim – at eg skulle gå til Snøheim. Oppfølging av det kjem i neste innlegg.



Besøk gjerne turbloggen min her!

Likte du artikkelen?

Share on facebook
Del på Facebook
Share on twitter
Del på Twitter
Share on linkedin
Del på Linkdin
Share on pinterest
Del på Pinterest

Innstillinger for personvern

Nødvendige

Dette er informasjonskapsler som brukes for å holde deg innlogget og generellt sørger for at du kan bruke de mest grunnleggende funksjonene på FjellTid.no.

wp-settings-time, wp-settings-time, wp-settings-time, wp-settings-time, wp-settings-time, peepso_last_visited_page, PHPSESSID, __distillery

Annonsering

Disse informasjonskapslene holder orden på våre annonser inne på FjellTid. Dette er grunnlaget for mye av våre inntekter.

advanced_ads_page_impressions, advanced_ads_pro_visitor_referrer

Analysering

Disse informasjonskapslene holder orden på statistikk og analysering utført av Google Analytics.

gadwp_ir_default_dimension, gadwp_ir_default_metric, gadwp_ir_default_swmetric, gadwp_wg_default_metric, gadwp_wg_default_dimension, collect, r/collect
gadwp_ir_default_dimension, gadwp_ir_default_metric, gadwp_ir_default_swmetric, gadwp_wg_default_metric, gadwp_wg_default_dimension, collect, r/collect

Netthandel

tribe-event-tickets-plus-meta-hash, wc_cart_hash_#, wc_fragments_#, wp_woocommerce_session_#, __stripe_mid

Disse informasjonskapslene gjør det mulig for å selge billetter til turene/aktivitetene vi arrangerer. Dette er noe av vårt livsgrunnlag.
__stripe_mid

Nyhetsbrev

Disse informasjonskapslene brukes i sammenheng med nyhetsbrevoppsettet vårt. Nyhetsbrev er er noe av det som skaper vårt livsgrunnlag.

newsletter

×