I haustferien i forrige veke rakk eg meg og opp i vakraste Innerdalen ein tur - hausten i Innerdalen er magi i verdsklasse! Sjå bildeserien frå turen, og gjer deg opp di eiga meining!
Det er få gjeremål som kan måle seg mot det å ta seg ein tur til Innerdalen. Arne Næss senior skal ha sagt at det er vakraste dal i Noreg per kubikkmeter – visstnok.
Eg har faktisk tenkt lenge på at eg skulle skrive noko meir om Innerdalen her på bloggen, men tenkte eg skulle kombinere det med å fortelje om ein tur der. Jau, det har eg for så vidt gjort – det kan du lese om i dette innlegget. Men iallfall vart det ikkje noko anna tur i rundt Innerdalen, men no tenker eg at dette innlegget gjer nytta!
Ein går i pakt med fjella og naturen oppover dei 3,5 – 4 km til Innerdalen. På bildet over ser ein Skarfjellet frå parkeringa i Nerdal. På bildet under ser ein Grasdalen med blant anna Dronningkrona og Kongskrona ein plass bak der. Til venstre for dalen ligg Tritindan. I fjor haust kunne eg hamna over til Grasdalen på turen eg fortalte om i dette blogginnlegget, men enn så lenge har eg altså ikkje vore i det området.
Det er alltid inspirerande og energipåfyll å sjå vatn i fri utfalding. Det er så mange elver og så mykje vatn tilgjengeleg i Innerdalen. Denne elva har, ut frå slik eg las kartet, sitt utspring i eit lite tjern oppe på 1000 meters høgd. For meg er denne elva fast fyllestasjonen på flaska på veg opp i dalen.
Etter å ha gå gått oppover og oppover i eit par-tre kilometer, kjem ein til eit punkt kor det å snu ikkje er eit alternativ. Ein grunn til det er den flotte utsikta ein blir møtt med. Ein annan grunn er at ein kan sette seg ned der og kvile, og den siste, men beste grunnen er at det begynner å gå slakt nedover den siste kilometeren bortover til Renndølsetra. Og når du har komme ned bakken, kjem du til Innerdalsvatnet. Rein idyll ventar 🙂
Litt portrettfotografering må til 🙂 Sjå på bilda korleis skyene formar ei spegelvending av Innerdalstårnet. Det som var veldig merkeleg, var då eg fotograferte turvenninna mi, Anisa, på hennar telefon. Då var dette himmelrisset heilt identisk med Innerdalstårnet; då gjekk toppen i motsett retning. Det varte berre ei kort, kort stund, så då vi skulle fotografere med min telefon, var det snudd.
Anisa og eg snakka om det på turen – at skogen er meir gul enn vi kan minnast å ha sett han nokon gong (ja, eg kan jo trekke det i partipolitisk retning…). Kanskje kan det ha noko med den unormalt lange, tørre sommaren å gjere? Før har vel blada vore meir raudlege, men no kjennest det mesta ut som at ein omgir seg med gull!
Vi hadde med litt å spise, men måtte ein tur opp til Innerdalshytta for å studere hausten der og. Det er ikkje skikkeleg innerdalstur utan å ha besøkt begge hyttene. No er dei jo stengt for sesongen. Einaste overnattingsmoglegheita no er i låven oppe ved Innerdalshytta. Ein må ha med seg Turistforeiningas universalnøkkel for å bruke hytta.
Dette var jo fredagstur vi hadde, og det var utruleg mange andre og som la turen opp til den vakre dalen. Mange skulle tydeleg vis overnatte – anten i telt eller sikkert oppe på låven. Det var mildt og fint, så eg er sikker på at dei hadde ein kjempeflott tur!
Vaflar på Renndølsetra lar det sikle godt i munnen… Men no er det vinterstengt, men ein kan begynne å telje ned til neste sommarsesong. Rundt 20.juni er det vel det opnar att.
Eg var så heldig å få gå turen saman med Anisa – det var ei stund sidan forrige tur, så det var riktig så triveleg. Vi er i gang å “planlegge” neste tursesong 🙂 Då har eg eit stort lønnleg håp om å få med Anisa på overnattingstur til ei hytte.
Vil du lese mer fra Ingunn? Sjekk ut bloggen hennes her!

Om artikkelforfatteren:

Ingunn

Ingunn

Optimistisk dame i min beste alder! Har blitt veldig glad i å være ute i naturen de siste årene. Liker å gå lange og litt bratte fjellturer. Er i gang med å bli mer glad i å gå på ski også. Liker hele tiden å strekke meg etter å lære nye ting og bli flinkere til å utvide horisonten :)

Del VIA:

Relaterte saker

Mer fra FjellTiden