I 2016 bestemte eg meg for å prøva å gå på alle toppar over 2000 moh i landet over nokre år. Ved årsskifte 2017/2018 er eg oppe i 96 av 186 toppar (primærfaktor 50). Her kjem dei flottaste turane så langt: Sukkertoppen.

Sukkertoppen


Det starta frykteleg dårleg denne marsdagen i 2016. Bilen takla ikkje det speilglatte føret i Leirdalen, og ved ein relativt slak bakke i nærleikev Geitsætre stod eg med bilen på tvers og kom ikkje lenger for alt her i verda. Med diverse manøvrering og ein runde med isøksa for å hakka opp spor i isen til bilen fekk eg den ut på skuldra så den ikkje sperra vegen. No var det berre å satsa på at det noko sære marsverete med mange plussgrader i høgfjellet gjorde sitt til at eg kom meg derifrå når eg skulle returnera.


Det blei nokre ekstra kilometer sidan eg måtte gå distansen Geitsætre-Sletthamn, som eg ville kunne køyrd om eg hadde ein litt meir terrengaktig bil. Eit slag for motivasjonen, men det var behageleg på fjellskia innover Leirdalen denne dagen.



Ved Leirvassbu låg det tjukk skodde, og eg måtte gå på GPSen første delen av stigninga opp mot Høgvaglbreen. Så kom eg over skodda, og alt var fryd og gammen over den slake breen. Her går ein forbi toppen og vinklar tilbake på den svært så kurante sørryggen. Det var gneistrande utsyn i ettermiddagssola frå dagens turmål, Midtre Høgvagltind, og då eg sklei nedatt mot Leirvassbu la eit aldeles nydeleg lys seg over denne vakre sukkertoppen.


Vel nede ved bilen hadde også sola teke knekken på verste holka, så eg kom meg derifrå. Dette var dagen då sola verkeleg var min ven.


/ Ole

Om artikkelforfatteren:

Ole

Ole

Brukar så mykje tid til fjells som mogleg - om det er med børse/rifle, fiskestang, på rando, fjellski eller berre fjellsko. Driv for tida å samlar alle 2000-toppane i landet, har nyss passert halvvegs etter at eg starta i fjor vinter. Har også gitt ut ein roman i form av ein fjell- og bygdekrim, "Jotunheimens løyndommar - Einstøingen".

Del VIA:

Relaterte saker

Mer fra FjellTiden