Gjennom FjellTid sin instagramprofil skal Cathrine K. Heggø spre turglede til titusenvis. Les artikkelen fra lokalavisa Ytre Sogn.

Av: Stig Hovlandsdal Øvreås, Ytre Sogn

 

Cathrine K. Heggø trivst dårleg med å ligge heime på sofaen. Den turglade Høyangerjenta har gjennom fleire år vore høgt og lågt i den norske fjellheimen, og no har ho fått ei rolle der ho også kan inspirere andre til å kome seg ut i naturen. – Eg har vore superheldig som har blitt plukka opp av FjellTid. Dei oppdaga meg sjølv gjennom sosiale medier, og ville gjerne ha meg med på laget som deira ambassadør. No skal eg poste ein gang annakvar veke på deira instagramprofil, som har i overkant av 44 000 følgjarar. Det ser eg fram til med skrekkblanda fryd. Med mange følgjarar kjem mykje merksemd, men Heggø er på ingen måte på jakt etter kjendisstatus. – Eg vil helst halde meg litt anonym, om det er mogleg. Det er den fantastiske naturen og turane som skal vere i fokus, og så blir det vel ein del posering frå hunden og turkompisen min Storm på ein del bilete vil eg tru.

 

Slik såg introduksjonsposten til Cathrine K. Heggø ut på instagramprofilen til FjellTid.

 

Lang reise

Heggø fortel at ho vaks opp med turar og fjellet som ein naturleg del av barndomen. Kvar helg gjekk med på hytta i Smådalen i Høyanger, men det var først i vaksen alder at ho verkeleg vart ei fjellgeit. Og det skjedde som ein konsekvens av sjukdom. – I 2006 byrja eg å få ein del vondt, og har sidan hatt ei lang sjukdomshistorie med kroniske muskelsmerter. Eg måtte slutte som industrimekanikar og vart etter ei stund ikkje i stand til å arbeide eller bevege meg særleg på fritida heller. I ein periode var sjølv korte spaserturar i Høyanger knallharde for Heggø, men ho tok eit val om å ikkje bli passiv, og heller forsøkje å jobbe mot smertene ved hjelp av fysisk aktivitet. – Eg sette meg eit mål om å gå Jostedalsbreen på langs, og etter halvanna år med trening lukkast eg med det i 2016. Då nådde eg eit viktig personleg mål. Eg er bygd sånn at eg må ha noko å strekke meg etter som kan motivere i kvardagen.

 

På ski over Jostedalsbreen i 2016. Eit viktig mål blir nådd for Heggø. Foto: Astrid Haug Solbrekke

 

 

Ei aktiv framtid

Heggø vart i 2017 sertifisert turleiar i DNT, og er engasjert i Sivilforsvaret lokalt. No studerer ho idrett, fysisk aktivitet og helse ved Høgskulen på Vestlandet, og har sommarjobb som idrettsassistent på Tronvik. Aktivitet har med andre ord blitt ein heilt sentral del av livet hennar både på skule, jobb og fritid, og slik håpar ho at det fortset å vere. – Det er dette eg brenner for og har lyst til å halde på med. Trening og fysisk aktivitet er god medisin mot mange typar plager, og eg ønskjer å bruke mine erfaringar og min kunnskap til å hjelpe andre. Ein må ikkje nødvendigvis opp på dei høgaste toppane eller gå dei lengste turane. Eg har jo sjølv vore i ein situasjon der også enkle turar var tø e, men viktige å gjennomføre. No har eg gjennom fysisk aktivitet klart å snu eit liv som i ein periode såg ganske dystert ut, til å bli eit fylt med livsglede og framtidstru. Om eg kan hjelpe andre med å få ei tilsvarande reise vil det glede meg stort.

 

Sjølv om det er matmor Cathrine som offisielt har blitt turambassadør for FjellTid vil nok hunden Storm bli mest å sjå på turnettverket. Foto: Cathrine K. Heggø.

Om artikkelforfatteren:

FjellTid

FjellTid

FjellTid.no - FjellTid (norr. fjalltíð): Sosialt turnettverk for alle turfolk. #fjelltid

Del VIA:

Relaterte saker

Mer fra FjellTiden