Helga 2.-4. august var eg på helgetur til Snøheim med nettsamfunnet Fjelltid. Laurdag var det dags for tur til Snøhetta. Eg tenker fortsatt på "Ingen grenser"-gjengen som gjekk dit.

Stor respekt

La det vere sagt med ein gong: Eg har utruleg stor respekt for den turen “Ingen grenser”-gjengen gjorde frå svenskegrensa til Snøhetta. Der gjekk lamme, kortvokste, blinde, døve med meir oppover den steinate ura, og det var berre avslutninga på turen! I ettertid kan eg seie eg bøyer meg i støvet for dei!
Laurdag 3. august: Klart for tur til Snøhetta. Då eg vakna ikkje heilt utkvilt etter ei kald og delvis sømnlaus natt i teltet, var det berre å krype ut og tenke positive tankar. Eg skulle til Snøhetta! Det har vore eit mål i fleire år – eigentleg sidan eg såg “Ingen grenser” på TV. Viss dei funksjonshemma deltakarane greidde å kome seg opp på toppen, måtte no eg og greie det!
Eg laga niste og tok med dei mest nødvendige tinga: Regnklede, stilongs, tjukk og tynn fleecejakke, mat, drikke og kamera. Kan ikkje gå på topptur utan skikkeleg kamera!
Eg hadde aldri vore så høgt i fjellet før, så det var ikkje heilt godt å vite kva som var nødvendig og ikkje. Veret skiftar fort, heiter det, men det betyr vel begge vegar – både bedre og dårlegare?!
Det var ganske bra med sol og ein heilt ok temperatur då Fjelltid-gjengen starta turen kl. 9. Eg gjekk berre i ulltrøye og turbukse (vel å merke den varmaste), men mange gjekk i t-skjorte og litt lang shorts.

Det låg til rette for ein fin tur opp til Noregs høgaste fjell utanfor Jotunheimen.

Så var vi startklare frå Snøheim. Her var det berre å finne ein høveleg plass i gjengen for å ha nokon å gå saman med. Mi mistru var om nokon gjekk så sakte som eg veit eg går.
På den nedste delen av stien går ein forbi restane etter gamle Reinheim fjellhytte. Seinare vart ho bygd opp att eit godt stykke nærmare Kongsvoll. Ein må og over ei elv. Og NB! NB! Det er der du må fylle opp vassreservoaret for turen! Det er ganske mange steinar lagt ut i elva for å komme seg over, men ein må likevel passe seg så ein ikkje plumpar uti eller blir våt.
Etter eit lite stykke til kjem ein til ei eller anna slags hytte. Her venta dei raskaste på oss saktaste, og det var fotografering av gjengen.
For å seie litt om Fjelltid: Det er sosialt nettsamfunn som har eksistert i fleire år, først under namnet Fjelldate, før det endra namnet til Fjelltid. I førsten var nok meininga at ein skulle finne nokon å ha ein date i fjellet med eller ein date med fjellet, men som Fjelltid har det vorte ein arena på nettet å møte andre fjellinteresserte. Så har det blitt stadig fleire turar administratorane arrangerer. I starten var det mest Rondane, Valdres og Hardangervidda. Så var nok eg ein av dei som klaga og sa det måtte komme turar litt lengre nord og, og no trur eg dette var den tredje turen dei hadde til Dovre. For meg var det første tur saman med Fjelltid. Det er ein god ting å møte andre som og likar å gå i fjellet. Gjengen som var samla denne helga var i alderen frå 20-åra til 60-åra.

Så starta sjølve stigninga. Frå Snøheim til Snøhetta er det omlag 800 høgdemeter og heile vegen går på stein, stein og atter stein! Det er veldig godt merka med både sommarrute og vinterrute (truleg mange som går på ski frå Reinheim). På bildet under ser ein både litt av merkinga og stien frå Snøheim.

Etter kvart vart vi ei firergruppe som gjekk bakerst og danna baktropp – nokon må ta den rolla og! Og vi heldt følge heile vegen både opp og ned! Jarle veik knappast ein tomme frå meg, og det var utruleg trygt og godt – eg er slettes ikkje vant til ei slik steinvandring. Og etter kvart vart ikkje veret det beste heller. Jarle kallar seg for hyggeleg skuld for “gledesgutt”, og eg tenker alle burde ha fornøyinga med å gå tur saman med ein gledesgut! Turen blir så utruleg mykje trivelegare og lettare å gå.
Og dessutan var han utruleg snill. Eigentleg var ikkje sekken for tung, eg skulle greidd å komme meg opp med alt eg hadde pakka, men når han spør om eg treng litt sherpahjelp, seier eg ikkje nei.
Oppover og oppover bar det, og det var tungt til beina. Eg hadde velt dei største/ kraftigaste skoa frå Salomon denne helga, og dei vart delvis glatt då det begynte å regne. Eigentleg var dei nok litt tunge og gå i og, så dei andre turskoa mine hadde nok vore vel så bra på denne turen.
Fortsatt var det blå himmel, litt sol og t-skjortetemperatur.
Ser du pipa som stikk opp frå fjellet midt i bildet? Det er toppen. Med andre ord – fortsatt eit godt stykke att. Viktig å ha godt med energiprodukt i sekken. Eg hadde med noko slags energisjokolade og eple (og for lite vatn…), og eple i tursekken er mitt beste tips. Det gir både energi og væske. Eg hadde delt opp epla i biter, slik at eg porsjonerte dei ut over heile turen. Boksen med nøtter eg skulle ha, låg att i teltet…

Skritt for skritt

Snøhetta er ved foten inn i Sunndalsfjella. Åmotdalshytta ligg i Dovre kommune, men er eigd av Kristiansund og Nordmøre Turistforening. Først var plana mi å gå frå Jenstad til Snøheim via Loennechenbua og Åmotdalshytta saman med ein annan som skulle på weekenden, men det vart droppa, og eg er nok litt glad for det. Ein treng ikkje gå over Snøhetta for å gå frå Åmotdalshytta til Snøheim, men dei fleste gjer nok det. Det hadde blitt to dagsetappar på rundt 20 km kvar, og det er jo eit stykke…
For kvart skritt vi tar, begynner toppen å nærme seg. Det fine med turen er at kvart skritt gir nye høgdemeter, så ein kjem forholdsvis fort oppover i høgda. Og høgda på pipa som ein ser meir og meir av, er ein god målestokk på at ein nærmar seg.
Så kom eg endeleg fram til Snøhetta! Eg greide det. Men akkurat då var eg mest opptatt av å få i meg mat – ete lunchen med utsikt! Vi fekk ete maten vår i fred og ro, men ein av dei som kom opp ei stund før oss, fekk plutseleg selskap av ei svolta lita mus…
Noko av det aller tyngste og drygaste med turen, var at veret skifta ganske ofte, og dermed måtte eg på og av med regnbuksa (og då + skoa). Elingane varte som oftast ikkje lenge, men eg var ikkje interessert i å bli våt. Det at det stadig kom regn, gjorde at steinane vart våte, og ein måtte passe ekstra på for ikkje å gli og ramle.
Veret skiftar fort i fjellheimen, men vi vart heldigvis ikkje overmanna av skodde.
Apropos det: Eg las ein artikkel på nett nettopp om ein av “Ingen grenser”-deltakarane som vart overmanna av uver på veg ned frå Snøhetta, og då måtte han og Lars Monsen overnatte i telt mens stormen rasa utanfor. Det er eg glad eg slapp å oppleve.
Eg har stor respekt for det “Ingen grenser”-gjengen fekk til. Kanskje vi ikkje er ofte nok takksame for det å vere funksjonsfriske og ha to bein som tar oss (mesta) dit vi vil?
Vil du lese mer fra Ingunn? Sjekk ut bloggen hennes her!

Om artikkelforfatteren:

Ingunn

Ingunn

Optimistisk dame i min beste alder! Har blitt veldig glad i å være ute i naturen de siste årene. Liker å gå lange og litt bratte fjellturer. Er i gang med å bli mer glad i å gå på ski også. Liker hele tiden å strekke meg etter å lære nye ting og bli flinkere til å utvide horisonten :)

Del VIA:

Relaterte saker

Mer fra FjellTiden