I 2016 bestemte eg meg for å prøva å gå på alle toppar over 2000 moh i landet over nokre år. Ved årsskifte 2017/2018 er eg oppe i 96 av 186 toppar (primærfaktor 50). Her kjem dei flottaste turane så langt: Den sjarmerande veslebroren.

Den sjarmerande veslebroren


Etter to strevsame dagar med gjennomslagsføre og svært ambisiøst ruteopplegg i Breheimen freista sofaen meir enn randoskia denne varme dagen i slutten av mai 2016. Men slik kan ein ikkje tenkja skal ein nå målet om alle 2000-metringane i landet, så eg beit tennene saman og traska av garde frå Juvasshytta.



Føre heldt betre her i denne høgda enn i dalane på nordsida av Bøverdalen, så den korte turen til Noregs enklaste 2000 metring, Galdhøe, gjekk kjapt. Ingen veldig sjarmerande sak, men ok på ein dag som denne. Sklei så ned til kanten av Styggebreen og såg med skepsis opp ryggen til sjølve platået på Veslpiggen. Eg sette att skia ettersom denne ryggem, Løyfte, var heilt snøfri. Men som det oftast gjer såg det vesentleg verre ut enn det faktisk var; Løyfte baud på trygg og artig klyving. Det litt utsette punktet heilt på toppen av Løyfte var heller inga utfordring å snakka om på turt fjell; eigentleg var det berre snakk om å heisa seg opp ein liten hammar på meteren eller så. Deretter kunne eg berre rusla bort til varden og nyta utsynet mot Noregs høgaste fjell.


Dette er ein kort og akkurat passe spennande tur; perfekt på ein dag då motivasjonen var heller laber.


/ Ole

Om artikkelforfatteren:

Ole

Ole

Brukar så mykje tid til fjells som mogleg - om det er med børse/rifle, fiskestang, på rando, fjellski eller berre fjellsko. Driv for tida å samlar alle 2000-toppane i landet, har nyss passert halvvegs etter at eg starta i fjor vinter. Har også gitt ut ein roman i form av ein fjell- og bygdekrim, "Jotunheimens løyndommar - Einstøingen".

Del VIA:

Relaterte saker

Mer fra FjellTiden

Innstillinger for personvern

Nødvendige

Dette er informasjonskapsler som brukes for å holde deg innlogget og generellt sørger for at du kan bruke de mest grunnleggende funksjonene på FjellTid.no.

wp-settings-time, wp-settings-time, wp-settings-time, wp-settings-time, wp-settings-time, peepso_last_visited_page, PHPSESSID, __distillery

Annonsering

Disse informasjonskapslene holder orden på våre annonser inne på FjellTid. Dette er grunnlaget for mye av våre inntekter.

advanced_ads_page_impressions, advanced_ads_pro_visitor_referrer

Analysering

Disse informasjonskapslene holder orden på statistikk og analysering utført av Google Analytics.

gadwp_ir_default_dimension, gadwp_ir_default_metric, gadwp_ir_default_swmetric, gadwp_wg_default_metric, gadwp_wg_default_dimension, collect, r/collect
gadwp_ir_default_dimension, gadwp_ir_default_metric, gadwp_ir_default_swmetric, gadwp_wg_default_metric, gadwp_wg_default_dimension, collect, r/collect

Netthandel

tribe-event-tickets-plus-meta-hash, wc_cart_hash_#, wc_fragments_#, wp_woocommerce_session_#, __stripe_mid

Disse informasjonskapslene gjør det mulig for å selge billetter til turene/aktivitetene vi arrangerer. Dette er noe av vårt livsgrunnlag.
__stripe_mid

Nyhetsbrev

Disse informasjonskapslene brukes i sammenheng med nyhetsbrevoppsettet vårt. Nyhetsbrev er er noe av det som skaper vårt livsgrunnlag.

newsletter