Fredag morgon: Startklar for å reise til Dovre og gå innover fjellet. Her er nokre inntrykk frå turen.


Han eg skulle gå saman med, ville vi skulle starte på Grønbakken (ein stad eg ikkje ante fantes…). Som ein ser på kartet, er det ei lita mil sør for Kongsvoll. Tanken var at det var kortare å gå derifrå enn frå Kongsvoll. Frå Kongsvoll via Reinheim er turen ca 20 km. Frå Grønbakken ville turen bli 16-17 km. Som ein ser på kartet, er det ei stipla line som viser at ein kan krysse over det skaret (eller kva eg skal kalle det) i direkte line mot Snøheim. For å seie det med ein gong: Stipla line betyr i beste fall nokre vardar. Det kjem eg tilbake til.



Fredag formiddag starta vi frå Grønbakken med retning Snøheim. Det er merka sti frå Grønbakken til Reinheim, så dei første kilometra fulgte vi den stien innover. Då vi starta var det ganske bra med sol mellom skyane.



Med den største oppakninga eg nokon gong har hatt, var eg startklar. Det var i høgaste grad første gong eg var ute og vandra med telt på ryggen. Vi tippa vekta på sekken til 15 kg – om det var rett, veit eg ikkje, men lettare var det iallfall ikkje.
Vi hadde ikkje gått så veldig langt då eg kjente tyngda av sekken. Reimene gnog mot skuldrane og det gjekk ikkje fort med meg sjølv om det var eit lett terreng.


Driva ved Grønbakken.


Driva kryssa vi då vi starta, men så var vi på veg bort frå elva som bind saman Dovre, Oppdal og Sunndal kommunar. Litt seinare kom vi opp på sida av elva som vel heiter Stropla. Bildet under er tatt der vi hadde første matpause. Det var fortsatt ganske ok vér, men når ein såg i den retninga vi skulle gå (neste bilde), var det svarte skyar som truga. Ville det kome regn eller ikkje? Eg hyra meg i regnklede, og det var ganske smart, for det begynte å både regne og blåse.
Mogleg makkaren min syntest det gjekk for sakte, for før vi gjekk spurte han om eg ville at han tok nokre kilo av mi bagasje… Det var ikkje det som var meininga, men det letna veldig for meg, og gjorde resten av turen meir behageleg.



Noko av det spennande på turen var å følge med kva dyreskit og dyrespor vi såg. I følge makkaren min måtte dette vere ferske moskusspor, og vi hadde og sett det som vel var ganske fersk moskusskit. Skulle tru om det var moskusar ute og luska på vår rute?



Og ganske riktig: Då vi hadde gått eit stykke, spurte turmakkaren min om eg hadde med kikkert. Det hadde eg ikkje, men eg hadde eit bra kamera med. Det kunne fungere som kikkert ganske bra, og då vart et mogleg å zoome inn moskusen vi såg. Eg måtte sette meg ned og zoome skikkeleg. Dette var bra – vi var på betryggande 3-400 meters hald (tippar eg).




Det viste seg at det var mor og ein kalv. Sjølv om eg hadde sett moskus ein gong tidlegare på betydeleg nærmare avstand, synest eg dette var ei større naturoppleving. Her såg eg moskusen på sin eigen heimebane.



På bildet under her kan ein sjå kor stien kjem over eidet til venstre frå Kongsvoll med retning Reinheim. Her er vi fortsatt på stien som går på denne sida av elva i retning Reinheim.



Turkompanjongen min hadde med kart og kompass, og fann ut kor vi skulle skifte retning mot Snøheim. Noko meir opp i høgda skulle vi, og det kom jamnt med regn på turen. Eg stolte på han som hadde kunnskapen, men vi gjekk stilaus. Det er ganske slitsomt, for det var mykje reinsmose, og det er mesta som å gå på myr – sug kreftene for annan kvart skritt.



På 1400 meters høgd.


Plutseleg kom vi over eit kort stykke med varding, men det var ikkje så langt at ein kunne stikke kursen vidare. Det var heller ikkje sti, så det var berre å satse på at kursen var rett.



Sakte flytta vi oss kilometer for kilometer. Vi fekk auge på to karar som var ute og gjekk, men vi fortsette vår kurs. Turmakkaren min meinte dei kanskje valte kortaste vegen til vegen mot Snøheim. Eg var heilt av i mine bein, og var berre glad om dekket under føtene kunne bli fastare enn det var. Det kjentes som at eg sjangla meg bort til den vegen – men gjett om det var kjærkomment å komme fram til han?! Litt omveg, for det vart to kilometer å gå bort til Snøheim turisthytte.



Tommel opp for innsatsen min, eg var kjempesliten, og håpte at eg akkurat rakk middagen – neida, neste bordsetting var ein time seinare… Men eg var framme etter å ha gått truleg ca 17 km over ganske mange timar.
Det store spørsmålet var så: ville eg feige ut og hyre meg inn på eit rom på hytta, eller ville eg ligge i teltet mitt i teltleiren??? Status: Det var regn og hustrigt.
Den som følger på, får sjå!



Besøk gjerne turbloggen min her!

Om artikkelforfatteren:

Ingunn

Ingunn

Optimistisk dame i min beste alder! Har blitt veldig glad i å være ute i naturen de siste årene. Liker å gå lange og litt bratte fjellturer. Er i gang med å bli mer glad i å gå på ski også. Liker hele tiden å strekke meg etter å lære nye ting og bli flinkere til å utvide horisonten :)

Del VIA:

Relaterte saker

Mer fra FjellTiden