Hotell |Hotellet med fjorden i hagen – i hjartet av vakre Vestlands-Norge. Innvik fjordhotell ligg i Innvik i Stryn kommune, rett ved fjorden. Restauranten ligg på fjordsida med praktfull utsikt, 5 meter frå fjorden. Rett utanfor ligg uteterassen, der du kan nyte ein kopp kaffi eller eit måltid mat. Hotellet legg stor vekt på god, heimelaga tradisjonsmat.
Hotellet har eiga badestrand og sandvolleyballbane. Frå hotellet er det korte
avstandar til kjende turistmål som Briksdalsbreen, Loen Skylift og Lodalen. Hotellet er eit greit utgangspunkt for rundturar i Nordfjord og området rundt, som tur til Geiranger, Trollstigen, Vestkapp og Sognefjorden. Mange fine turløyper for fotturar i bygda og i fjellet. Innvik ligg midt i alt som kan opplevast på ein god norgesferie.
Vi bruker cookies og andre tilsvarende tekniske løsninger for å forbedre din opplevelse av vårt nettsted, analysere bruksmønstre og levere relevante annonser og innhold.
I vår personvernerklæring kan du lese mer om hvilken informasjon vi samler inn og hvordan vi bruker den. Les mer her.