Vinteren 2017 bestemde eg meg. Eg ville oppfylle ein draum. Som ”flink pike” og altfor pliktoppfyllande fulltidsstudent visste eg at eg ikkje ville få heile draumen akkurat no, men eg ville i alle fall ha ein smakebit av den.

Av draumen om livet som boms. Brettboms. Eg hadde vore saman med ein skiboms i nesten åtte år. Eg elska å besøke han i campingvogna hans i fjellet. Eg elska tanken på å leve for brett. Leve for det ein elskar. Leve for å leve. Da det blei slutt med skibomsen, blei behovet for draumen enda større.



Ein månad skulle eg få smake på dette livet. Eg var masterstudent, velsigna med samlingsbasert undervisning, og måtte derfor sjølvsagt jobbe med skule samtidig. Men eg skulle gjere det på ei avsidesliggande hytte på Geilo, kor eg skulle tilbringe ein heil månad heilt aleine. Eg skulle kjøre brett kvar dag, bli heilt rå i parken, klare triks eg aldri før hadde klart, ha mjølkesyre i låra av all puddersnøen, eg skulle gløyme alle skibomsar i verda, og eg skulle nyte livet. Sjølvsagt kom ikkje snøen før mi tredje veke på fjellet. Sjølvsagt klarte eg ikkje noko nytt triks. Men fytti grisen, som eg trong det vesle eg fekk.



Eg trong å kjenne på einsemda, berre meg og fjellet. Berre meg og ei hytte, langt frå alle eg er glad i. Langt frå alle eg nettopp hadde mista, langt frå alt som er hardt i livet. Brot og betong. Einsemda og fjellet blei terapeuten min. Einsemda let med bli kjend med meg sjølv på nytt, som eit vakse menneske som var aleine for første gong. Og der einsemda ga meg tough love, fekk fjellet meg til å smile. Til å glise, faktisk. Eg gliste når sola skein på snøen, eg gliste når eg turte å ta eit endå større hopp. Eg gliste når eg tryna, rett under stolheisen så alle kunne sjå meg, og eg ikkje hadde nokon venn å lene meg til. Eg måtte berre le. Eg gliste når eg prata med framande vener i heisen, eg gliste når snøen dekka meg heilt etter eit fall i skogen, når eg sveitta for å kome meg vidare og ut i løypa igjen. Eg gliste mykje. Takka vere fjellet.



Nokre gonger har ein eit behov for å rømme. Frå alt. Frå andre menneske, frå byen. Den byen, dei menneska ein kan bli heilt fanga av, isolert frå seg sjølv. Eg har tidlegare skrive om alle dei ekstreme ekspedisjonane vi blir ”utsett” for i sosiale medium. Eg har forsøkt å slå eit slag for nærturane, for korleis sjølv ein omveg til skulen eller jobben kan vere ei naturoppleving. Å kunne rømme er ikkje eit privilegium alle har. For oss vanleg dødelege, er store ekspedisjonar langt unna. Derfor må ein skape miniekspedisjonar. For meg var ein månad på Geilo ein miniekspedisjon. Ein som let meg jobbe med skule samtidig som eg kunne rømme. Bli meg sjølv igjen. Samtidig som eg kunne ha fokus på det som får meg til å glise, på å leve ut draumen, berre for ein liten stund. I desse dagar  skaper eg miniekspedisjonar kvar veke. Ein tur til eit skisenter, til ein liten fjelltopp. Til verandaen min for å sjå på fjellet på avstand. Det er det som er så fint med fjellet. Det er framleis der for meg. Sjølv om eg berre stikk innom på kaffebesøk ein gong iblant.

Om artikkelforfatteren:

Hege

Hege

Jeg bor på Sunnmøre, skriver masteroppgave i litteratur, og jobber i skolen. I tillegg er jeg veldig glad i naturen. Jeg liker å se på meg som DEN fjellgeita. Det er ikke sikkert sambygdingene mine som er vokst opp med disse toppene ville sagt det samme. Men jeg går så mye på tur som jeg har kapasitet til i en travel hverdag. Ofte små turer, noen ganger store turer. Jeg går mye i fjellet, går langrenn, og står på brett, og utnytter nærmiljøet mitt så godt jeg kan. Jeg er så takknemlig for å bo her blant fjellene og ved havet! Jeg prøver å tilbringe litt tid ute i naturen hver dag, om det så bare er å gå en omvei til jobb og skole for å få kjenne litt på lukten av trær, eller å ta dagens dusj i innsjøen. Naturvern er det viktigste jeg vet, og dette kommer nok som et resultat av friluftslivinteressen, og preger hverdagen min veldig. Det har også bidratt til at jeg har blitt enda mer ivrig på å være så mye som mulig ute i naturen, fordi det rett og slett ser ut til at vi bør bruke muligheten mens vi enda har den.

Del VIA:

Relaterte saker

Mer fra FjellTiden